[Skjul] Kyrkjelydane i Ørsta >  Stilling ledig

[Logg inn]


Kyrkjetenarstilling
 Arkiv

   

 Stilling ledig



DEN NORSKE KYRKJA

Ørsta kyrkjelege fellesråd


Ledig stilling:

Ørsta kyrkjelege fellesråd har ansvar for Den norske kyrkja si verksemd i Ørsta kommune. I fellesrådsområdet er det fire sokn og fire kyrkjer. Fellesrådet har 20 tilsette i tilsaman 9,5 stilling pluss tre prestar.

Ørsta kyrkjelege fellesråd har ledig stilling som

KYRKJELYDSMUSIKAR/ ORGANIST

60% stilling.

(40% fast stilling + 20% mellombels. Fellesrådet arbeider med å få denne delen som fast.)

Kyrkjelydsmusikar vil arbeide i team med kantor.

Kontorplass saman med kyrkjestaben i Ørsta sentrum. Arbeidstad for tida i hovudsak i Hjørundfjord, Vartdal og Ørsta kyrkjer.

Kantor og kyrkjelydsmusikar skal gjere teneste ved gudstenester og kyrkjelege handlingar, leggje til rette for frivillige i kyrkjemusikkarbeidet, samarbeide med musikklivet i bygdene og vere med på stabsmøter og ta del i teamarbeid i staben.

Vi ynskjer ein allsidig musikar, gjerne med erfaring frå korarbeid. Vi ynskjer ein person med utdanning innan kyrkjemusikk eller med anna relevant utdanning/erfaring.

Det vert arbeidd med å få nytt orgel i Vartdal kyrkje. I Ørsta kyrkje vert det denne hausten kjøpt inn eit flygel.

Tilsettingsvilkår og løn etter gjeldande avtalar

Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja og disponere eigen bil.


Nærare opplysing får ein ved å vende seg til
kyrkjeverje Steinar Sætre på

Tlf. 70048646
Epost: steinar.saetre@orsta.kyrkja.no


Søknadsfrist: 12.7. 2010


Søknad m/CV sendast til:
Epost: steinar.saetre@orsta.kyrkja.no

Adr: Ørsta kyrkjelege fellesråd

Vikegata 5,
6150 Ørsta




Ledig stilling:

Klokkar i Hjørundfjord kyrkje

frå medio april 2009

Stillingsstorleik inntil 10,25 % stilling

Klokkar tek del i oppgåvene ved gudstenester og gravferder.

Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja.


For stillinga: Løn etter tariff

Kontakt kyrkjeverje Steinar Sætre for nærare oppl. tlf. 70048646

Søknad til:

Ørsta kyrkjelege fellesråd

Vikegta 5, 6150 Ørsta

Epost: steinar.saetre@orsta.kyrkja.no




Ledig stilling

KYRKJETENAR - AUSTEFJORD KYRKJE
Volda kyrkjelege fellesråd har ledig 17 % stilling som kyrkjetenar
i Austefjord kyrkje, Austefjord sokn.

KYRKJETENAR - BJØRKE KYRKJE
Ørsta kyrkjelege fellesråd har ledig 16 % stilling som kyrkjetenar
i Bjørke kyrkje, Storfjorden sokn.

Oppgåver til kyrkjetenar:
Praktisk tilrettelegging knytt til gudstenester og kyrkjelege
handlingar.
Vaktmeisterteneste
Reinhald
Brannvernleiar


Arbeidstid etter plan og avtale. Tilsetjing føreset medlemskap i Den
norske kyrkja. Elles skjer tilsetjinga i samsvar med gjeldande lovverk,
reglement og tariffavtale.

Om ynskjeleg vil ein prøve å leggje til rettes for at ein person kan
ha båe stillingane.

Søknad med CV vert å sende til:
Volda kyrkjelege Fellesråd, Postboks 17, 6101 Volda eller på
e-post til: kyrkjeverje@volda.kyrkja.no innan 30.september 2009.

For nærare opplysningar ta kontakt med kyrkjeverje i Volda Jostein
Stråbø på 70 07 40 95 / 91 66 35 49 / kyrkjeverje@volda.kyrkja.no,
kyrkjeverje i Ørsta Steinar Sætre 70 04 86 46 / steinar.saetre@orsta.kyrkja.no