[Skjul] Kyrkjelydane i Ørsta >  Dåp

[Logg inn]


 Symbola
 Dåpsmelding
 Fadder
 Dåpsklut

    Dåp

Velkomen til dåp!

Dåpen er ei heilag handling, eit sakrament, der barnet vert Guds barn og ein del av kyrkjelyden og Den norske kyrkja.

Kontaktpersonar:
Kyrkjesekretæren ved kyrkjekontoret i Ørsta sender ut informasjon og papir om dåp etter å ha fått melding om fødsel frå folkeregisteret.

Med kyrkjesekretær avtalar de:

- dåpsdato, dato for dåpsinformasjon og dåpssamtale

Av presten får de:
- dåpsinformasjon, dåpssamtale og utførelse av dåp

Informasjon:
  • Ein set opp tid for dåp ved å snakke med kyrkjekontoret i Ørsta. Skal ein døype i andre kyrkjer utanfor Ørsta Kommune, tek du likevel kontakt med ditt eige kyrkjekontor, etter at du har tinga dåpsdag. Alle papir, dåpsbilete og dåpssamtale skal ordnast på heimstaden.
  • Sjå på kalenderen over gudstenester i framover, kvar det skal vere dåp, og ring for å høyre om plass til dåp. I Ørsta kyrkje må de sjå på gudstenestene som er sett opp med dåp, dei eignar seg best. Vil de døype barnet dykkar i kyrkjene på Vartdal, Hjørundfjord eller Bjørke, brukar det å vere heilt greitt berre der er gudsteneste den dagen de vil døype.
  • Dei fleste born vert døypte før dei er tre månader gamle, men også store born, unge og vaksne kan verte døypte.
  • Det er ulike tilbod i sokna for born frå 0 år og oppover, td: – Småbarnstreff, søndagsskule, måndagsklubben, sjå meir om desse tilboda under barn og unge
  • Ved dåpen skal barnet ha fadrar. Det skal vere minst to, høgst seks fadrar. Fadrane må vere fylt 15 år. Minst to av fadrane må vere til stades under dåpen. Som fadder kan ein berre velje personar som er medlemer av Den norske kyrkja, eller andre kristne som erkjenner barnedåpen. Foreldra kan ikkje vere fadrar.
  • Meir om dåpsliturgien og dåp finn du på sidene til www.kirken.no

Skjema
Skjema som skal fyllast ut, får de tilsendt frå kyrkjekontoret.

Dåpsattaest
Dåpsattesten vert overrekt i kyrkja dåpsdagen. I Ørsta kyrkje deler ein ut attesten saman med ein fin og handbrodert dåpsklut ein brukar å tørke barnet med ved døypefonten. (Klikk på link i venstre marg) Vartdal kyrkje og kyrkjene i Hjørundfjorden deler ut dåpslys saman med attesten. Dette er gåve frå kyrkjelyden.

Dagar for dåp:
De avtalar dåpsdag med kyrkjelydssekretæren, ho har oversikta over dagar det passar med dåp i Gudstenesta.
Ein er svært romsleg når det gjeld å få datoen ein ynskjer til dåp, men det er ein føresetnad at det faktisk er gudsteneste i kyrkja den dagen. Enkelte gudstenester er spesielt eigna til dåp, og andre er ikkje så eigna, men til dømes vil ei familiegudsteneste vere ypparleg. De kan sjå inne på kalenderen vår på framsida: "i kyrkjene no" eller her inne i KalenderDåp. Klikk på denne og vel månad, så ser du kva tid det er gudsteneste i kyrkja du vil ha dåp i. Den skal vere oppdatert, men det hender det vert gjort endringar. Uansett må du snakke med kyrkjelydssekretær og melde inn dåp, og då får ein sikkerheit i alt med dåpen. I kyrkjene utanfor Ørsta sentrum er det ikkje så ofte dåp. Dersom ein vil døype i ei av desse kyrkjene kan ein sjå etter dei vanlege gudstenestene som er sett opp. Så må ein ringe å høyre om det høver med dåp den aktuelle datoen.

 




Adresse:
Vikegata 5,
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640
Faks:70048641

Ørsta kyrkje:700 66354

Meir kontaktinformasjon
under sida for
kyrkjekontor

E-post til kontoret

Kom innom kyrkjekontoret for dåpsmeldingsblankett.
Eller laste den ned her:
-Dåpsmelding



 
 KalenderDåp