[Skjul] Kyrkjelydane i Ørsta >  Konfirmant

[Logg inn]


Innmeldingsskjema 2010/2011

Gruppeinndeling:


Informasjon for alle
Konfirmantinformasjon

Reglar og prisar



 Konfirmasjonsdatoar





Tidlegare konfirmantar:
Info.Konf.2009/2010

Klokkarteneste-10, Ørsta
LokalKonfirmant2010
LeirKonfirmant2010
VartdalsKonfirmant
Konfirmant 2008/2009
 Konfirmant 2007/2008



Link:

Unge spør

    Konfirmant





Konfirmasjonstida er ei tenkjetid.

Kva skal eg nytte livet til? Kvar kjem vi frå? Kvar går vi? Kva er meininga med livet?
Finst Gud? Kva er tru? Kva skal eg tru på? …osv.
Ordet konfirmasjon tyder å stadfeste.
I kyrkja på konfirmasjonsdagen vert det som hende i dåpen stadfesta. Ved starten av konfirmasjonsgudstenesta vert samanhengen mellom dåp og konfirmasjon synleggjort på ein flott måte.
Om du vel å konfirmere deg i kyrkja, må du vite litt om det, og det finn du meir om på desse nettsidene:


<- Sjå i margen til venstre for meir informasjon.


INFORMASJON

Konfirmant 2011

Vil du vere med? Å vere konfirmant er mykje meir enn ein søndag i mai med kvit kappe og høgtideleg familiefest. Å vere konfirmant er å ta del i konfirmasjonstid gjennom eit heilt år. Å vere konfirmant er å gi seg sjølv ein sjanse til å bli betre kjend med kyrkja, med Gud, Jesus, seg sjølv og andre.





Konfirmanttida i Ørsta, Vartdal og delvis Hjørundfjord inneheld:
(Hjørundfjord har eit litt anna opplegg saman med spr. Rolf, men mykje er likt og saman med Ørsta og Vartdal)


iKyrkja.no: eit sentralt verkemiddel i trusopplæringa i kyrkjelydane i Ørsta. Konfirmantane får oppgåver som skal gjerast online på nettsida, dei skal produsere materiell (tekst, bilde og film) til bruk i samlingar, undervisning og til offentleggjering på denne nettstaden. Nettstaden er også ein viktig informasjonskanal, der ein finn informasjon om det meste som rører seg i kyrkjelydane i Ørsta. For konfirmantforeldre er iKyrkja.no ein viktig informasjonskanal.


Avspark 4. september: Konfirmantåret startar med ei utandørs storsamling for alle konfirmantane i kommunen. Denne samlinga er lagt til Sæbø. Konfirmantane går gjennom ei løype der dei møter menneske som dramatiserer ulike heldingar frå Jesu liv. Det vert foreldremøte i Hjørundfjord kyrkje etterpå.


Undervisning:
Komande konfirmantår vil konfirmantkullet verte delt inn i 6 klasser. Kvar klasse skal ha ansvar for ei temagudsteneste / Ung messe. Klassa skal då ta del i ei undervisningssamling pluss gudstenesteverkstad, der me arbeider i grupper for å førebu gudstenesta. Det vil vere ulike grupper til dei ulike gudstenestene, alt etter tema og interesser til dei aktuelle konfirmantane. Alle konfirmantane i alle klasser, skal løyse oppgåver på iKyrkja til kvart tema, og ta del i kvar temagudsteneste/Ung Messe.

I vinterferien slår me saman tre og tre klasser, og reiser på konfirmantleir. Dersom ein konfirmant av ein eller annan grunn ikkje har høve til å vere med på leir, må vedkomande konfirmant i staden vere med på alle 6 undervisningssamlingane i tilknytning til temagudstenestene / ung messe i tillegg til sjølve gudstenestene.


Fasteaksjonen 12. april 2011: dør-til-dør-innsamling til inntekt for Kirkens Nødhjelp. Både konfirmantar og foreldre over heile landet er med på denne store dugnaden.
Roadservice i veke 47?: Undervisning og konsert frå eit omreisande team som er eit samarbeid mellom Agder og Telemark bispedømmeråd, Kirkens Nødhjelp og Skjærgårds Music & Mission. Dei har meldt til oss at dei kanskje kjem i veke 47.


Deltaking i kristne aktivitetar for ungdom gjennom året: Pit Stop, Tensing, KRIK, Barstadvik kr. ungdomsklubb, Dalane kr. ungdomsklubb. Aktivitetar som er opne for alle unge. Konfirmantar vel ein av desse, og dei må vere med min. 6 gonger i løpet av året.
Tilrettelagt konfirmantopplegg: Nokre kan av ulike grunnar trenge eit spesielt tilrettelagt konfirmantopplegg. Gjeld det deg, skriv ein merknad på innmeldingsskjemaet, ved ”Er det noko ein skal ta omsyn til gjennom året”. Då tek me kontakt for å avtale eit individuelt opplegg.


Gudstenester: presentasjonsgudstenester i september, konfirmasjonsgudsteneste, deltaking med klokkarteneste, m.m.

Meir informasjon til dei som melder seg på!


KOSTNAD: kr. 1500

Eit godt og variert tilbod om konfirmantopplegg, kostar pengar. Tilbodet me gir, som inkluderer reise og opphald på leir, kostar 1500 kr. per konfirmant. Giro for innbetaling vert sendt ut etter påmeldinga. Om nokon har problem med å betale, er det berre å ta kontakt.


KONFIRMASJONSGUDSTENESTER :

Vartdal kyrkje: 1. mai 2011 kl.11.00


Ørsta kyrkje 2011: 9A: 8.mai kl.10.00

9B: 8.mai kl.12.00

9C: 15.mai kl.10.00

9D: 15.mai kl.12.00


SPØRSMÅL?

Kontakt oss!

Kom innom:
Kyrkjekontora i Ørsta, Vikegata 5.
Opningstidene er måndag til fredag kl.10-14.


Ring: Kateketen har telefonnummer 700 48647.
Eller ring sentralbordet på nr. 700 48640.


Epost: lisbeth.halse@orsta.kyrkja.no


Nettstad: www.iKyrkja.no



Me gler oss til eit nytt konfirmantår og håper
at du har lyst å vere med oss dette året!


Med venleg helsing frå staben ved kyrkjekontora i Ørsta.








 
Velkomen til konfirmasjonstid 2010/2011!
Du er ein av mange niandeklassingar i Ørsta, Vartdal og Hjørundfjord som har valt kyrkjeleg
konfirmasjon i 2011.
Hjarteleg velkomen!

24/08/10 av Kristin, >>>Les meir

Namn på konfirmantar i 2010
Konfirmantnamn og dato for konfirmasjonane 2010 i Ørsta, Vartdal og Hjørundfjord:

19/04/10 av Kristin, >>>Les meir

Hugs fasteaksjonen i dag 23. mars!
Oppmøte for konfirmantar, foreldre og frivillige klokka 17:00 i Ørsta kyrkje for å få innsamlingsbøsser og roder!
23/03/10 av Kristin, >>>Les meir




For du er med meg.
Din kjepp og din stav,
dei trøystar meg.

Salme 23


 
Konf.Kalender

KonfirmantAvisa

24/08/10
Velkomen til konfirmasjonstid 2010/2011!
19/04/10
Namn på konfirmantar i 2010
23/03/10
Hugs fasteaksjonen i dag 23. mars!
09/03/10
Konfirmantdatoar
2011 og 2012
25/09/09
Konfirmantdatoar 2010 og 2011