|
  | | Gudstenesta Gudstenesta er ein viktig møteplass for kristne.
Nedanfor vil du kunne finne teksta til førstkomande sundag, og tekstene for heile året vert å finne ved å klikke på linken i margen til venstre.
22.08.2010
Matt 12, 33-37 13. sundag etter pinse
Treet og fruktene
Anten er treet godt, og då er frukta òg god, eller treet er ringt, og då er frukta òg ring. Treet kjenner ein på frukta.
Ormeyngel! Korleis kan de som er vonde, seia noko godt?
For det hjarta er fullt av, det talar munnen.
35 Eit
godt menneske ber fram gode ting av det gode han gøymer på, eit vondt menneske ber fram vonde ting av det vonde han gøymer på.
Det seier eg dykk: Kvart gagnlaust ord som folk talar, skal dei svara for på domedag.
37 Ja,
etter orda dine vert du frikjend, og etter orda dine vert du felt.»
29.08.2010
Matt 5, 38-42 14. sundag etter pinse
Å løna
vondt med godt 38 De har høyrt det er sagt: Auga for auga og tann for tann.
39 Men eg seier dykk: Set dykk ikkje imot den som gjer vondt mot dykk. Om nokon slår deg på høgre kinnet, så vend òg det andre til.
40 Vil nokon saksøkja deg og ta skjorta di, så lat han få kappa òg.
41 Tvingar nokon deg til å fylgja han ei mil, fylg han to.
42 Gjev den som bed deg, og snu deg ikkje frå den som vil låna av deg.
05.09.2010
Joh 5, 1-15 15. sundag etter pinse
|
|
GUDSTENESTE I ØRSTA I Ørsta kommune har me fire kyrkjer som held gudsteneste til litt forskjellige tider. Ikkje alle har gudsteneste kvar søndag, og ikkje alle har det klokka 11:00. Ofte kan det vere dåp og/eller nattverden i gudstenesta. Nokre dagar er det kveldsgudsteneste, slik som til dømes Ung Messe, men andre gongar er det fordi det passar best slik den dagen.
I kalendaren, I kyrkjene no, skal du finne tidene for gudstenester i alle kyrkjene som ligg i Ørsta, Vartdal, Sæbø og Bjørke.
 Sokneprest Matias Austrheim framfor altertavla i Ørsta kyrkje
|
|
| Kalender: I kyrkjene no...
Gudsteneste ved spr. Rolf Dyrhol der Bjørke kyrkje har 90- års markering!
Familiegudsteneste i Ørsta kyrkje ved Arne Moltubak.
Dåp og nattverd.
Offer:
Gudsteneste ved spr. Matias Austrheim.
Nattverd.
Offer: Sunnmøre Søndagsskulekrets.
Diakoniens dag
Gudsteneste ved spr. Rolf Dyrhol.
Nattverd.
Offer: De fire diakoniinstitusjonene.
Gudsteneste ved spr. Matias Austrheim og kateket Caroline Sefu.
Konfirmantpresentasjon.
Dåp.
Offer: .
|
|
|
|