GUDSTENESTE VED HJØRUNDFJORDHEIMEN
På Sæbø er det lang tradisjon med ei utegudsteneste i nærområdet til sentrum. Dette året har vi lagt denne til plenen ved Hjørundfjordheimen.
Det fine er at pensjonærane kan trekke ut om veggen, og få vere med på gudstenesta. Og viss veret er imot oss, så kan vi alle trekke innadørs. Alle er velkomne til gudsteneste, dette er kyrkjelyden si gudsteneste denne søndagen. Om dette vert vellykka, så kan dette gjerne verte ein tradisjon.
Vi sender gjerne ei ekstra innbyding til pensjonærane sine pårørande. Dette er eit godt høve til å feire gudsteneste saman med slektningane som no bur på Hjørundfjordheimen. Hjørundfjordheimen disponerer ein del utestolar, men det kan vere greitt viss i alle fall nokre har med stolar i bilen. Vel møtt til gudsteneste, med dåp, på plenen ved Hjørundfjordheimen.
RD. av Kristin, 15/06/10, kl 12:36
|