Gledde seg over skaparverket
Søndag 13. juni markerte Ørsta og Vartdal kyrkjelydar Skaparverket sin dag med friluftsgudsteneste i Grøvika. Eit born vart døypt, og elles var det høve til å gle seg over skaparverket og samstundes verte mint på ansvaret vi har for å ta vare på det Gud har gitt oss. Dette vart markert både i songval, bøner og preike.

Gudstenesta i Grøvika er eit samarbeid mellom sokneråda og Liadalsbygda grendelag. Grendelaget stod for praktisk tilrettelegging og kyrkjekaffi. Det gjorde dei på ein flott måte. Været var noko usikkert denne dagen, men arrangørane bestemte seg for å ta sjansen på å være utandørs. Det regna godt før gudstensta tok til, men under sjølve gudstenesta kom det ikkje ein dråpe...

Først i gudsensta var det dåp. Dåpsbarnet sine storesystre var flinke medhjelparar. Dei las dåpstekstane og hjalp til under sjølve dåpen. det var stolte storesystre som gledde seg over å få delta.

Tekstene for dagen var henta frå 1 Mosebok 2 om skapinga og Mark 6 om brødunderet. I preika snakka sokneprest Arne Moltubak om alt det flotte Gud har skapt, og at det verkeleg gjev grunn til takknemligheit. Han snakka om både vatn, fjell, dyr, blomar og trær og ikkje minst mennesket. Han kom og inn på dei som som slit og kanskje ikkje er så glad for at dei er til. Kva tyder skaperverket for dei, spurde han retorisk..
Som ein konsekvens av takknemligheita, høyrer og ansvaret som Guds gartnarar med. Vi har ansvar for å ta vare på både mennesket og skaparverket rundt oss. Er vi flinke til det?

Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi og mykje god prat. Alt i alt, eit flott arrangemen
Alle foto: copyright Tove Halse Digernes av Arne, Norge 16/06/10, kl 12:59
|