Ledig stilling!
Det er for tida ledig 60 % stilling som kyrkjelydsmusikar i Ørsta. Arbeidsstadane vert fordelt på Hjørundfjord kyrkje, Vartdal kyrkje, Ørsta kyrkje og kontor i Ørsta sentrum. Stillinga krev at ein disponerer eigen bil, og ein må vere medlem av statskyrkja. Utlysingsteksta:
Ledig stilling:
Ørsta
kyrkjelege fellesråd har ansvar for Den norske kyrkja si verksemd i Ørsta kommune. I fellesrådsområdet er det fire sokn og fire kyrkjer. Fellesrådet har 20 tilsette i tilsaman 9,5 stilling pluss tre prestar.
Ørsta kyrkjelege fellesråd har ledig stilling som
KYRKJELYDSMUSIKAR/ ORGANIST
60%
stilling.
(40% fast stilling + 20% mellombels. Fellesrådet arbeider med å få denne delen som fast.)
Kyrkjelydsmusikar vil arbeide i team med kantor.
Kontorplass saman med kyrkjestaben i Ørsta sentrum. Arbeidstad for tida i hovudsak i Hjørundfjord, Vartdal og Ørsta kyrkjer.
Kantor og kyrkjelydsmusikar skal gjere teneste ved
gudstenester og kyrkjelege handlingar, leggje til rette for frivillige i kyrkjemusikkarbeidet, samarbeide med musikklivet i bygdene og vere med på stabsmøter og ta del i teamarbeid i staben.
Vi ynskjer ein allsidig musikar, gjerne med erfaring frå
korarbeid. Vi ynskjer ein person med utdanning innan kyrkjemusikk eller med anna relevant utdanning/erfaring.
Det vert arbeidd med å få nytt orgel i Vartdal kyrkje. I Ørsta kyrkje vert det denne hausten kjøpt inn eit flygel.
Tilsettingsvilkår og løn etter gjeldande avtalar
Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja
og disponere eigen bil.
Nærare opplysing får ein ved
å vende seg til kyrkjeverje Steinar Sætre på
Tlf.
70048646 Epost: steinar.saetre@orsta.kyrkja.no
Søknadsfrist: 12.7. 2010
Søknad m/CV sendast til:
Epost: steinar.saetre@orsta.kyrkja.no
Adr: Ørsta kyrkjelege fellesråd
Vikegata 5, 6150 Ørsta
av Kristin, 25/06/10, kl 14:52
|