[Skjul] Kyrkjelydane i Ørsta >  Aktuelt no! > Tsjekkisk kyrkjekor til Ørsta kyrkje

[Logg inn]


Framside
   

Tsjekkisk kyrkjekor til Ørsta kyrkje


Schola od sv. Jana Křtitele er eit kyrkjekor frå kyrkja St. John Baptist Church i Šumperk. Dette koret vil no vitje Noreg både for å sjå og oppleve landet, men dei vil også ha nokre konsertar på denne Noregsturen og ein av dei i Ørsta kyrkje torsdag 8. juli klokka 19:00.

Dei skal innom både Oslo og Bergen, og her i området besøkjer dei både Olden, Briksdalsbreen, Volda, Ørsta, Sæbø, Ålesund og Åndalsnes.
Koret starta opp i 1985 og har opp til 1989 opptredd mest lokalt i regionen Sumperk i Tsjekkia. I 1990 vart det meir og meir, dei opptredde mykje meir og for større publikum enn før. Det har etter dette berre auka med oppdrag, og i tillegg deltatt på fleire kortevlingar og musikkfestivalar både i eige land og i utland.
Koret organiserar den internasjonale ”Vocal Music Festival in Šumperk. ” (”MUSICAE VOCALIS SPIRITUALIS FERIAE INTERNATIONALES”) Koret sjølv har som sagt også tatt del i andre tevlingar og festivalar i Italia, Austerrike, Sveits, Polen, Frankrike, Tyskland, Nederland, Slovakia og Ukraina.

Repertoaret er variert og dei syng verk av kjende og store klassiske komponistar frå eldre årgang, men syng også verk av notida sine komponistar.

Me håpar kor frå Ørsta og Volda og mange andre folk i regionen tek turen for å oppleve dette Tsjekkiske koret.
På repertoaret her vil me høyre mellom anna ”Missa brevis” av Alberich Mazák, ”Cantate Domino” av Hans Leo Hassler, ”Magnificat” av Orlando di Lasso, eit par folketonar frå heimlandet Tsjekkia og også ei norsk folkevise.
Det varer i ca. ein time og dei har ein som leiar opplegget på engelsk.

Dette trur me kan verte rett spennande å få med seg , så nøl ikkje med å kome i Ørsta kyrkje førstkomande torsdag. Sjå annonse i Møre Nytt tysdag 6. juli.

Info: sjå nettsida til koret: http://www.schola-sumperk.cz/

av Kristin, 30/06/10, kl 12:24