Personvern

Personopplysninger

 

Føremiddagstreff i Ørsta frikyrkje

Føremiddagstreff i Ørsta frikyrkje
Komande torsdag vert det vanleg føremiddagstreff igjen, og denne gongen i kjellaren på frikyrkja. Desse treffa er som alltid opne for alle som har tid og lyst på føremiddagstid. Treffa byter på å vere på bedehuset, kyrkja og frikyrkja, og nokre gonger er vi andre stader også.

Denne gongen vert altså føremiddagstreffet å finne i frikyrkja sine lokale. Vi kan sjå fram til fin musikk og allsong, når begge dei to musikarbrørne Knut og Nils Ose kjem til treffet. Kanskje har dei ei god forteljing eller to på lur også...

Harald og Bodil Sætre, Reidun Vigestad Berge og Tobjørg Langdal var tidlegare i år på pilgrimsferd sør i Europa. Harald vil halde ei lita andakt, og i lag med Torbjørg vil dei fortelje om ferda dei har gått. Dei starta for fleire år sidan oppe i fjella, sør-vest for Lyon, ein stad som heiter le Puy, i Frankrike. Sidan har dei gått 125 mil, fordelt over fleire år, gjennom variert landskap. I år har dei berre gått i Spania, fram til noko som heiter Astorga. Landevegen har ført dei både over fjell, sletter og gjennom skog, og neste år planlegg dei å fullføre ferda og kome fram til Santiago de Compostela, vest i Spania. Når dei er ute å går slik i lang tid: Kor mykje kan dei makte å ta med seg i sekken? Kva gjer dei når det blir dårleg vêr? Kvar søv dei? Og kvifor gjer dei dette? Kanskje kan du få svar på nokre av desse spørsmåla på komande torsdag, på føremiddagstreff…

Det vert elles som vanleg sett av god tid til å ”treffast” med mykje god mat og prat kring borda, og utlodding med fine vinstar. Kven er det som vinn denne gongen. Kanskje vert det deg?

Det er kjekt å ha møteplassar på dagtid. For somme kan det likevel av ulike grunnar vere vanskeleg å ta laust, medan andre gjerne har lang veg til Ørsta sentrum. Kanskje nokre av dykk har ein nabo eller kjenner nokon som treng skyss. Det går an å slå seg ilag å køyre til treff, når ein berre finn tak i kvarandre. Ein treng ikkje å vere såkalla 60+ for å vere velkomen til føremiddagstreff, så vi ønskjer alle som har tid eller lyst, velkomne til føremiddagstreff.

Då treffast vi altså på bedehuset den aller første dagen i oktober. Sjå annonse tysdag!

VELKOMEN!!

Helsing Føremiddagstreff-komiteen

 www.iKyrkja.no